Epletrioen / Roald Helgheim - Dagsavisen / Eple Trio

Eple Trio fyller ti år og feirar med, «Universal Cycle», eit sterkt fjerde album frå musikarane som i 2007 debuterte med «Made This», som del av eit mastergrad-studium. Ikkje akkurat eit kvardagsstudium for jazzmusikarar då, men eit vakkert album var det, frå pianist Andreas Ulvo, bassist Sigurd Hole og trommeslagar Jonas H. Sjøvaag. Nest siste album var «In The Clearing/ In The Cavern», eit dobbeltalbum skapt i dei djupe skogar i IsItArt Studio, der Sjur Miljeteig og Peder Kjellsby regjerer over lyd og bilete. Der har epletrioen vore også no, og i Propeller Studio, med trompetist Mathias Eick og akustisk gitarist Ivar Grydeland som gjester. Trommeslagar Sjøvaag er låtskrivaren bak det meste, arrangert og produsert av alle, og det er ein hugnad å lytte til ein trio som i seg sjølv har gått eigne vegar i eit i utgangspunktet klassisk format i jazzen, med eit større spelerom og Grydeland og Eick som ekstragevinst. «Setting Foot on Another Planet» er opningsnummeret, og det endar med «On A Road That Never Ends». Det er godt å høyre.